Sjå meir info under menyknappen Hovedside - Informasjon mm. eller gå til HJELP-menyen.
For å sende inn søknad på ei hytte - gå til menyknappen "Min Profil" og velg "Søknader", eller til hyttekatalogen under menyknappen Hytter.
Det blir automatisk trekning dagen etter at fristen har gått ut.
Etter at trekninga er ferdig kan du bestille hytter som ikkje er tildelte ved å gå til menyknappen Hytter og Ledige hytter.
Det er gratis å låne Tussahyttene.
Det er sett opp slike periodar for utlån og fristar:
Vinter og vår 2020(01.01.20-01.06.20) - frist 11.12.2019 Open for søknader frå 15.11.-11.12.2019. Trekning 12.12.2019
Påske 2020(03.04.20- 08.04.20 og 08.04.20- 13.04.20) - frist 11.12.2019. Open for søknader frå 15.11.-11.12.2019. Trekning 12.12.2019.
Sommar 2020(02.06.20-29.09.20) - frist 10.03.2020. Open for søknader frå 06.01.- 10.03.2020. Trekning 11.03.2020.
Moldejazz 2020(13.07.20-19.07.20) - frist 10.03.2020. Open for søknader frå 06.01.- 10.03.2020. Trekning 11.03.2020.
NB! Ønskjer du ei av dei andre hyttene i Moldejazzveka må du velje Moldejazz 2020 og kva hytte du vil ha, fordi denne perioden er utskilt frå sommar 2020.
Haust og vinter 2020 (02.10.20-31.12.20) - frist 10.03.2020. Open for søknader frå 06.01.- 10.03.2020. Trekning 11.03.2020.
Det blir automatisk trekning etter at fristen har gått ut. Du kan deretter BESTILLE ei hytte (først til mølla-prinsippet)
I hytta Fjordglytt er det lett for at sukkermaur kjem inn i hytta - ta difor med ALL MAT når du forlet hytta.
Dersom reinhaldet og ryddinga er for dårleg, vil vedkommande som lånte hytta måtte betale eit vaskegebyr. Merk at dårleg reinhald må dokumenterast med bilete. Skriv deg også i hytteboka. Sjå Tussa sitt intranett - Velferd - Hytter og feriehus.
Leilegheit på Runde: Bestill direkte på [email protected]. Tussa gjer det slik:
-
Tussa betalar kr 300,- (for 3 stk oppreidde sengar)
-
Den tilsette betalar sjølv for sengar utover dette, ev. tek med sengkle sjølv
-
Den tilsette vaskar ut sjølv, ev. betalar for utvask sjølv. Meld tilbake til Tussa viss det manglar vaskemiddel o.l.
-
Runde Miljøsenter kontrollerer om det er bra nok vaska, dersom det ikkje er det må den tilsette betale vanleg vaskegebyr
-
Tussa vidarefakturerer ev. purregebyr til den tilsette
Tilsette i Mørenett må betale for vask og sengekle/handdukar.